Kartet viser fare for jord- og flaumskred. Hareid, Ulstein, Herøy og Sande kommunar har grøn farge, medan naboane våre Ørsta, Volda og Ålesund har raud.
varsom.no
Vi i Hareid kommune slepp unna begge desse varsla.
Her er det «berre» gult varsel for regn og farenivået for jord- og flaumskred er grønt.
Skulle varselet endre seg, vil vi oppdatere dykk her og på Facebook.
Normalt varslar Hareid kommune innbyggarane berre når vi får varslar med oransje faregrad og oppover. Sidan grensa for ekstremvêr går langs kommunegrensa, er det naturleg at vi også avklarar at vi ikkje er omfatta av dei raude varsla.
Vi nyttar også høvet til å minne om folkemøtet om kva risikoar og sårbarheiter i Hareid kommune og korleis eigenberedskap kan vere viktig for å handtere krisene som kan kome.
Kom til Hareid folkebibliotek torsdag 31. oktober klokka 18. Alle som kjem på møtet er med i trekninga om eit beredskapslager
PS: Vi kjem likevel til å få det vått dei neste dagane med mellom 60-100 millimeter nedbør på 24 timar. Ved gult varsel for regn er råda å køyre forsiktig og etter forholda. Hugs at om du reiser ut av kommunen, så må du sjekke farevarsla. Per no er naboane våre Ørsta, Volda og Ålesund omfatta av det raude varselet.
Her kan du lese meir om ekstremveret Jakob, og igjen, merk at Hareid kommune ikkje er omfatta av varselet.