Erlend Friestad
Tidlegare år har fellesvaksinasjonen blitt lagt til oktober. Bakgrunnen for endringa er at forseinkingar i leveringa av sesonginfluensavaksinar. Folkehelseinstituttet meldar at forseinkingane skuldast produksjonsutfordringar hos enkelte vaksineprodusentar, og påverkar ikkje berre Noreg, men også fleire andre land. Som følgje av dette blir utsendinga av influensavaksinar til kommunane forskyvd med fleire veker samanlikna med den opphavlege planen.
Ny tid og stad
- Dato: 12. og 13. november
- Tid: kl. 10.00–14.00
- Stad: Hareidhallen
Stort sett som før
Sjølv om tidspunktet blir flytta, blir opplegget for fellesvaksinasjonen stort sett som tidlegare år:
- Vi skal vaksinere både mot influensa, covid og lungebetennelse (pneumokokk)
- Det blir drop inn
- Betaling av eigenandel med kort eller Vipps
Vi vil kome tilbake med meir detaljert informasjon om gjennomføringa nærare vaksinasjonsdatoen. Vi oppmodar innbyggjarane om å følgje med på kommunen sine nettsider for oppdatert informasjon.