Margrethe Hareide Garne (t.v) viser søstera Eileen Hareide Brandal og faren Eldar Hareide bilete av Eliasgarden-souvernirane dei har bestilt.
Erlend Friestad
- Vi skal ha omvising, fortelje om historia til garden og korleis dei levde då. Mesteparten av inntektene kom frå sjøen, og så var garden ei attåtnæring, fortel Margrethe Hareide Garnes.
Ho, systera Eileen Hareide Brandal og far Eldar Hareide fortel engasjert om det dei skal vise fram for turistane som kjem med MS Artania på laurdag.
- Eit viktig moment blir korleis gamalstova fyrst blei flytta frå Fjordane og så ned på eit klyngetun på Hareide før ho kom hit, fortel Eileen.
Meir enn museum
Men i Eliasgarden får cruisegjestane ikkje møte berre eit museum, men også ein gard der folk faktisk bur. Det gir besøket ein nærleik og autentisitet som mange set pris på, og som kan gjere Eliasgarden til eit minneverdig stopp for dei som kjem til Hareid.
Gruppene blir delte i to. Den eine startar i gamlestova frå 1600-talet, medan den andre går til røykstova der dei får servert klippfisk, flatbrød og bacon.
– Det er mange gode historier å ta av – mellom anna om korleis materialar frå gamle-kyrkja vart delt ut til folk som skulle byggje hus, fortel, Eldar.
Eldar Hareide er vande med å ta imot gjestar i røykstova si - men cruiseturistar frå Tyskland blir ei ny oppleving.
Erlend Friestad
Til slutt samlast alle i løa til vaflar, kaffi og meir historieforteljing.
- Vi kjem til å setje ut det vi har igjen av gammalt gardsutstyr. Det er ein del slikt her, sjølv om mykje dessverre er kasta fordi det på eit tidspunkt ikkje var nyttig lenger. Men vi har framleis ein god del igjen – kjerre og forskjellig, fortel Margrethe.
- Ja, alt som trengs til kornproduksjon har vi, skyt Eldar inn.
Alle skal bidra
Bak det nye tilbodet ligg mykje arbeid. Førebuingane til det første cruiseanløpet har gått føre seg på kveldar og i helgar. Omtrent heile storfamilien, fire generasjonar, skal vere med for å ta imot dei to puljane med til saman 50 cruisepassasjerar.
- Vi er vel tolv stykk som skal bidra på sjølve dagen. Også ungane får sine oppgåver som å sjekke at det er nok dopapir, fortel, Eileen.
Heile storfamilien er i sving, også Casper. Han skal mellom anna passe på at det er nok dopapir på doen.
Erlend Friestad
Mål om fortsetjing
- Vil dette vere eit tilbod som kan leve etter dette besøket?
- Vi har allereie bestillingar frå firma som ønsker å ha sommarfest eller liknande. Så blir det ein diskusjon om vi klarer å gjennomføre det neste år når det kjem fleire båtar og i tillegg på kvardagar, fortel Eileen
- Forhåpentlegvis vil det vere noko økonomi i det, slik at det ikkje berre blir dugnad, seier Margrethe.
Ein ting dei har gjort for å tene litt ekstra, er å lage sokalla «merch» eller suvernirar som det også kallast.
- Vi har fått beskjed om at det er viktig å ha noko å selje, så det har vi ordna, seier Margrethe og viser fram forkle og handlenett med logo og bilete frå Eliasgarden.
Margrethe Hareide Garnes viser fram bilete av nokon av souvernirane dei skal tilby turistane.
Erlend Friestad
Derfor satsar vi på cruiseturisme
Bakgrunnen for at vi satsar på cruiseturisme, er eit ønske om å skape meir inntekter til kommunen. Vi har nytta eksisterande fortrinn på ein kontrollert og berekraftig måte utan store investeringar. Vi nyttar eksisterande infrastruktur, kapasitet og kompetanse, og har etablert eit godt samarbeid med eigarane av kaia vi skal nytte.
Vi legg mykje vekt på lokal verdiskaping. Kvar cruisegjest legg igjen om lag 800-1200 kroner lokalt, så her har butikkar og restaurantar gode moglegheiter. I tillegg ser vi at det alt har ført til fleire nyetableringar i kommunen. Dette er tilbod som også er positive alle som bur i kommunen. Også frivillige organisasjonar og andre kan skaffe seg gode inntekter ved å setje opp buer i Kjøpmannsgata under cruisebesøka.
Dei neste åra vil det også kome strenge miljøkrav for passasjerskip som skal inn i verdsarvfjordane våre. Hareid kommune ligg strategisk til utanfor verneområda og kan derfor ta imot skip som ikkje har høve til å gå lenger inn i fjordsystemet.
Cruiseskip-besøk 13. juni 2026: MS Artania
Forventa ankomst 09.00 og avgang 17.00.
MS Artania er eit cruiseskip eigd og operert av det tyske reiseselskapet Phoenix Reisen. Skipet vart opphavleg bygd som Royal Princess for den britiske marknaden og døypt av Lady Diana. Sidan 2011 har det seilt for Phoenix Reisen.
Skipet har utelukkande utvendige kabinar, mange med eiga balkong og panoramavindauge. Om bord finn ein fleire restaurantar, barar, show-lounge, kino, spa- og velværeområde, bibliotek, butikk og treningssenter. Eit klassisk terrasse-hekk og ein rundt-om-promenadedekk gjev panoramautsikt over havet.
MS Artania er eit populært skip på fjordkryssingar og har mellom anna segla i Geirangerfjorden.
| | |
|---|
| Lengde | 231 m |
| Breidd | 29 m |
| Bruttotonnasje | 44 500 |
| Passasjerkapasitet | Inntil 1 200 |
| Passasjerdekk | 9 |
| Kabinar | 600 (alle utvendig) |
Erlend Friestad
Kaifasilitetar
Det er Ulmatec som har ansvar for det praktiske rundt anløpet, mellom anna tryggleik og ISPS-krav. Saman med Hareid Group har dei bidrege med kai og infrastruktur som kan handtere større fartøy. Det er mellom anna bygd ein ny pullert som skal kunne handtere skip av storleiken til MS Artania.
Les meir om kai-samarbeidet mellom verksemdene og kommunen.
Cruiseskip-besøk i 2027
Vi har per no fem planlagde besøk i 2027. Dato og skip blir lansert på eit seinare tidspunkt.
Cruiseskip-besøk i 2028
Den første bestillinga for 2028 har allereie kome. Dato og skip blir lansert på eit seinare tidspunkt.