Fjordsaunaen opnar snart!

Det gjenstår bittelitt arbeid, så er vi klare til å ta imot gjestar.

Det har allereie gått eit par veker sidan vi gjennomførte den offisielle opninga av Hareid hamn gjestebrygge.  Då hadde vi gleda av å få vise fram dette flotte anlegget, som vi håpar at både båtgjestar, fastbuande og alle andre skal få mykje glede av.

Artikkelen held fram under biletegalleriet.

Gjestehamna har vore i ordinær drift nokre dagar allereie, men fjordsaunaen er dessverre ikkje heilt klar enno.  Vi jobbar med å løyse nokre tekniske utfordingar som gjer saunaen trivelegare og tryggare. Når dette har tatt litt tid skuldast det at det er litt bestillingstid på nokre delar og at det har vore naudsynt å bruke litt tid for å finne dei beste løysingane. Vi set funksjonalitet, tryggleik og trivsel øvst på prioriteringslista vår.

LES OGSÅ: Hopp i det reine vatnet!

Så snart dette arbeidet er gjort vil vi opne fjordsaunaen for bestillingar. Vi vonar det blir ganske snart!

Etter ferien vil det bli gjort nokre mindre arbeid knytt til dusj- og toalettfasilitetane, slik at det blir endå trivelegare å nytte dei.  Og seinare på hausten kjem den siste endringa, som vil auke garderobekapasiteten i fjordsaunaen.  Vi takkar for tolmodet og ser fram til å ynskje dykk velkommen til Hareid Fjordsauna.

Det vil kome meir informasjon om korleis du bestiller tid når saunaen er klar.