Fleire ledige sjukepleiarstillingar

Er du ein dyktig sjukepleiar som ønsker nye utfordringar? Bu- og korttidseininga på Hareid sjukeheim er ein arbeidsplass i utvikling, og vi ønsker deg velkommen inn i eit engasjert fagmiljø der du får moglegheit til å gjere ein reell skilnad for pasientar og pårørande og som kollega.

rodendodendrondroneblome framfor sjukeheimen - Klikk for stort bilete Erlend Friestad

Vi har no fire faste stillingar ledige:

  • 60 prosent og 30 prosent – natt
  • 80 prosent og 50 prosent – dag og kveld

Alle stillingane har arbeid kvar tredje helg. Vi er fleksible når det gjeld stillingsprosent og stillingane kan kombinerast til tredelt turnus for deg som ønskjer 100 % stilling. Ta gjerne opp dette i eit eventuelt intervju.

For nattstillingane har vi eit ekstra funksjonstillegg på 30.000 (i full stilling).

Bu- og korttidseininga er ei ny eining med både korttids- og langtidspasientar. Eininga har 26 pasientrom som omfattar korttidsopphald, langtidsopphald, palliasjon og kommunal akutt døgneining (KAD). Vi er i ei spennande omstillingsfase, og vi ønsker medarbeidarar som er positive til endringar og gjerne er med på å forme eininga vidare.

Søknadsfrist 31. mai.

Les meir og søk her!

 

LES OGSÅ: Sjukepleiar på natt i heimetenesta - søknadsfrist 25. mai