Folkemøte om interkommunal kystsoneplan

Onsdag 16. februar arrangerer Hareid kommune folkemøte om den interkommunale kystsoneplanen.

Erlend Friestad  

Denne artikkelen er over eitt år gamal og kan innehalde utdatert informasjon.

Folkemøtet og høyringsfrist er utsett på ubestemt tid. Les meir om dette i denne artikkelen.

 

Tid: 16. februar klokka 18

Stad: Aulaen på Hareid ungdomsskule (Vi vil også prøve å sende direkte frå folkemøtet. Per no er det ikkje klart om vi får til dette.)

Ny høyringsfrist for planen: 2. mars 2022

Hareid kommune inviterer alle interesserte til folkemøte om den interkommunale kystsoneplanen.

Møtet vil bli leia av ordførar Bernt Brandal. Kommunalsjef for samfunnsutvikling, Kai-Rune Bjørke, plansjef Silja Øvrelid, planleggar og sakshandsamar Cecilie Breiteig og kommunikasjonsansvarleg Erlend Friestad vil også vere med på møtet.

Det er formannskapet som har sendt planen ut på høyring, og medlemmane i formannskapet er derfor særskild invitert.

 

Send inn spørsmål på førehand

For å få best mogleg svar på spørsmåla under møtet, oppmodar vi om at dei blir sendt inn på førehand. Send i so fall til sakshandsamar cecilie.breiteig@hareid.kommune.no.

I møtet vil vi prioritere å gi svar på spørsmål som blir sendt inn på førehand.

Dersom det blir tid til det, vil vi også opne for innspel til kystsoneplanen.

Merk: Berre innspel som kjem inn skriftleg vil bli tatt med vidare i høyringa. Innspel du gir under folkemøtet, som du ønsker skal følgje planprosessen, må du derfor sende inn skriftleg i etterkant.

 

Ny høyringsfrist

Vi kjem til å utvide høyringsfristen slik at alle får to veker etter folkemøtet til å sende inn sine innspel. Ny høyringsfrist blir då 2. mars 2022.

 

Smittevern og påmelding

Vi må følgje dei til ein kvar tid gjeldande reglar for arrangement under covid-pandemien. Per no er det strenge avgrensingar på kor mange vi kan samle.

Det vil derfor vere avgrensa med plassar. For å ha oversikt må du derfor melde deg på til sakshandsamar cecilie.breiteig@hareid.kommune.no. Alle deltakarar må registrere seg med namn og telefonnummer.

Sidan det er avgrensa med plassar, oppmodar vi lag og organisasjonar til å sende enkeltrepresentantar i staden for å sende mange medlemmar.

Alle må halde seg på den tilviste plassen under heile møtet.

Det vil ikkje bli servering