Folkerik opning av den flottaste ungdomsklubben

Det var stinn brakke i ungdomsklubben under opninga torsdag. Mange av dei besøkande blei storleg imponert over lokala som ungdommen no får boltre seg i.

sjå bildetekst - Klikk for stort bileteOrdførar Bernt Brandal fekk æra av å opne ungdomsklubben saman med ungdomsrådet. Erlend Friestad

Desse har bidrege i til innhaldet i ungdomsklubben

Takk for alle bidrag!

Hareid Rotaryklubb som har sponsa med pengar til innkjøp av instrument,

Hareid Lionsklubb har sponsa innkjøp av fotballbord

Ungdomspanelet i Møre og Romsdal har løyva ungdomsmidlar til musikkutstyr

Hareid sanitetskvinner har gitt støtte til å kunne arrangere klassekveldar for ungdomskuletrinna

Møre og Romsdal fylkeskommune har gitt stimuleringsmidlar til utsmykking av klubben

Fylket har også gitt eit tilskot på 200.000 til innkjøp av datautstyr og drift til prosjektet «Datakultur»

Kirkedata har sponsa projektor

2008-kullet på Hareid ungdomsskule har gitt overskot løyvde pengar frå turen som dei var på til Polen og Tyskland og

Folkelista har gitt vidare partistøtta

Riise Bygg har donert rastebenkane som står utanfor inngangspartiet.

Sparebanken Møre har gitt 10.000 kroner som ungdommane fritt kan disponere innanfor ungdomsklubben

Ulstein kommune/Ulstein ungdomsråd har gitt brettspel som innflyttingsgåve

- Dette må vere Sunnmøres, Norges og sikkert heile verda sin lekraste ungdomsklubb. Det nyttar ikkje med flotte lokale utan eit godt innhald – og er overtydd om  det vil gjere nettopp det -innhaldet vil stå i stil med resten, sa ordførar Bernt Brandal då han offisielt opna ungdomsklubben torsdag 29. august.

SJÅ OGSÅ: Stort biletegalleri i botn av artikkelen 

Han nytta også høve til å takke tilsette, folkevalde, frivillige og lag og organisasjonar og verksemdene som har stått for den store ombygginga og oppgraderinga av dei gamle biblioteklokala i kjellaren på rådhuset.

Hundrevis av besøkande

I løpet av den eine timen den offisielle opninga var, og dei tre timane det var ope hus etterpå, var det mange hundre menneske innom. Masse ungdom, sjølvsagt, men også foreldre, besteforeldre, småsøsken og andre nyfikne. Dei fekk sjå gaming-rommet med topp utstyr, biljard- og bordtennisbord som knapt var ledige, musikk og dans frå scenen – og talarar.

Til vanlig skal det vere enkel matservering på ungdomsklubben, men på opningsdagen var det litt ekstra med pølser, brus, godteri, makronar frå Millennium Kafé og den obligatoriske marsipankaka.

LES OGSÅ: Kven fortener ungdommens kulturpris?

- Dei frivillige er den største gåva

Leiar for kultureininga, Melinda Skeide, hadde også mange å takke. Ho trekte fram alle gåvene som ungdomsklubben har fått frå lokale og regionale aktørar (sjå eigen boks). Det var likevel ei gåve som var viktigare enn alle dei andre:

- Den største gåva vi kan få, frivillig arbeid. For å kunne drifte ungdomsklubben og gi ungdomane det tilbodet som dei ønske er vi avhengige av frivillige. Vi har nokre og dei er gull verdt, vi set umåteleg pris på det arbeidt som dokke legg ned for ungdomen i Hareid. Vi ser fram til vidare samarbeid og håpar på god rekruttering vidare.

Per no har ungdomsklubben ope éin kveld i veka, éin ettermiddag til klokka 18 og fram til klokka 16 resten av dagane.  Ambisjonane er å auke tilbodet, men det krev både midlar til løn og frivillige som kan stille opp.

LES OGSÅ: På denne lenka får du alltid oppdaterte opningstider til ungdomsklubben

-Verdt å vente på

Vegen fram til ungdomsklubb har vore lang og krokete. Ungdomsarbeidar Renate Seljeseth Bøe fortale om lokala dei har vore til no – dei same lokala dei er i no (men uoppgraderte), klubbhuset til Hareid IL og sist i Floten-bygget (dei gamle lokala til Hareid sokn).

- Det har vore intimt og minimalt med ventilasjon med mange ungdomar nesten stabla i høgda, men tross alt har vi  hatt gode besøkstal og ungdomen har venta tolmodig på desse flotte lokala. Eg trur vi kan seie det var vel verdt å vente på, sa ho.

Ungdommane sjølve var representert blant talarane av Pranaya Selva, leiar av ungdomsrådet.

- Dette er ein stad som har vore eit ønskje, ein draum og eit mål for mange ungdommar i mange år. Men prosjektet har ikkje berre handla om å byggje ein fysisk stad. Det har handla om å byggje eit fellesskap. Eit plass kor vi kan vere oss sjølve, utforske våre interesser og skape minne som vi vil bere med oss for resten av livet. Ein stad kor alle er velkomne, sa ho frå scenen. 

Trykk på bileta for å sjå dei opp i stort format.

Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
personar som forsyner seg - Klikk for stort bilete