Framsnakking viktig for vekst i Hareid

For å få til utvikling i Hareid, må vi samarbeide, framsnakke og tenkje positivt, seier nytilsett prosjektleiar for Vekst i Hareid, Julie Sundgot Andersen.Julie Sundgot Andersen, prosjektleiar i Vekst i Hareid, meiner det er svært viktig at innbyggjarane tar del i prosjektet.  

Denne artikkelen er over eitt år gamal og kan innehalde utdatert informasjon.

Omstillingsprosjektet Vekst i Hareid er eit samarbeid mellom næringslivet i Hareid, Hareid kommune og Møre og Romsdal fylkeskommune. Det eitt år lange forprosjekt er no avslutta og tida er inne for å kome i gong med hovudprosjektet.

Julie Sundgot Andersen starta i stillinga som prosjektleiar i slutten av april. Ho fortel at ho allereie har fått kjenne på eit stort engasjement og ønske om å få til noko, både blant bedriftene og innbyggarane i kommunen.

Vil du ha nyheiter frå Hareid kommune rett i innboksen? Abonner på nyheitsbrev her.

Idérike innbyggjarar

Folkemøtet som blei arrangert i august i fjor er eit godt eksempel på dette. Eit fantastisk godt oppmøte med mykje engasjert folk som ønskjer å få til noko i Hareid. Det kom opp mange gode idear. Fleire av desse ideane har blitt jobba vidare med og inkludert i dei aktivitetane som ein tenkjer å gjennomføre i hovudprosjektet.

- Erfaringane frå dette folkemøtet var veldig gode. Derfor vil vi nok arrangere fleire liknande møter framover. Det er svært viktig for oss at folket er med og er delaktige i det vi skal jobbe med framover. Hareid er prega av skaparglede og drivkraft, seier Andersen.

LES OGSÅ: Ga næringslivet tips til korleis dei kunne få kommunale oppdrag

Tøff konkurranse

Dei største bedriftene på Hareid opererer i eit internasjonalt marknad og ser ein stadig tøffare konkurranse frå utanlandske aktørar, spesielt i Asia. I tillegg går teknologiutviklinga ekstremt raskt og ein kan ikkje sove i timen dersom ein skal fortsette å vere konkurransedyktig i framtida. Å bidra til å auke konkurransekrafta til næringslivet er derfor noko den nytilsette prosjektleiaren set høgt.

- Her er vi allereie i gong med å legge til rette for møteplassar mellom bedriftene i same bransje, bedrifter på tvers av bransjar og mellom bedriftene og støtteapparatet som ligg rundt. På Hareid må vi bli mykje flinkare til å utnytte dei hjelpemidla som ligg rundt oss innan til dømes forsking og utvikling, Innovasjon Norge, ÅKP og liknande, seier prosjektleiaren.

Hareid må også vere ein attraktiv plass å bu for at bedriftene skal kunne trekkje til seg den rette kompetansen. Kommunen er inne i ein positiv driv no med byggeaktivitet og sentrumsutvikling. Prosjektleiaren er bestemt på at dette arbeide må halde fram og utviklast vidare. Vi må ha på plass byggeklare tomter og aktivitetar som gjer det attraktivt å bu og vekse opp i Hareid.

LES OGSÅ: Splitter ny turistportal for Hareid kommune på nett

Havet er nøkkelen

Vidare vil Andersen gjerne skape ein identitet for næringslivet i Hareid knytt til havromet. Hareid var Noregs største fiskerikommune på 1950-talet. I dag er næringslivet i Hareid sterkt kopla til maritim næring som i fleire år har vore inne i ei svært utfordrande periode.

Bedriftene må klare å omstille seg for å kome styrka ut av denne perioden. Erfaringa rund havet, vèr, vind, berekraft og energieffektivisering må vi ta med oss vidare inn i tilgrensande næringar innanfor havromet.

Det er venta sterk befolkningsvekst i verda i åra framover. Kombinert med auka levestandard, vil dette føre til auka behov for mat, energi og mineral. Havromet er nøkkelen i denne samanheng. Det handlar om å hente ut meir ressursar frå havet og ein må gjere det på ein berekraftig måte slik at ein kan fortsette å hauste frå havet over tid. Fornybar energi, gruvedrift på havbotnen og innsamling av store datamengder er berre nokon stikkord for kva muligheiter havromet kan by på i framtida. Hareid ligg perfekt til med Storfjordbassenget rett framfor oss. Dette skal vi utnytte, avsluttar Andersen.