Gaming for gamlisar?

Ja! Det er ingen øvre aldersgrense for dataspel! På ungdomsklubben kan seniorane få teste og få opplæring i mange forskjellige spel i trygge omgivnadar.

Herman Leikanger er klar for å vise nyfikne i alle aldrar korleis det er å spele forskjellige dataspel - eller "game" som det også blir kalla. Melinda Skeide

Har du lyst til å teste ut dataspel eller sokalla gaming, men er litt usikker på kvar du skal begynne? Kanskje du har ein yngre gamer i huset, men synest det er vanskeleg å forstå kva dei held på med? Eller kanskje du berre vil få eit lite innblikk i korleis denne verda fungerer?

Då har vi eit spennande tilbod til deg! På «Senior-gaming» kan du møte Herman Leikanger frå Metizport. Herman er ein erfaren gamer og teknologi-entusiast som har svar på det meste du måtte lure på. Uansett om spørsmåla handlar om gaming, korleis ein PC fungerer, teknologi generelt, eller om det er noko anna innanfor data og digital kultur, så er Herman klar til å hjelpe. Han likar å prate, og har alltid tid til ein hyggeleg samtale, så ingen spørsmål er for store eller små.

Du kan få teste ut ulike typar spel, anten du ønskjer noko aktivt og fysisk, eller om du vil prøve meir taktiske og strategiske spel på datamaskin. Vi tilbyr ulike opplevingar, frå enkle, morosame spel til meir utfordrande oppgåver som set tankane i sving. I tillegg har vi VR-briller, som gir deg moglegheita til å oppleve alt frå eksotiske reiser til adrenalinfylte berg-og-dalbanar – heilt utan å forlate rommet!

Du treng inga tidlegare erfaring eller spesielle kunnskapar om gaming for å delta. Her får du all opplæring og rettleiing du treng. Vi sørgjer også for ei sosial og avslappa atmosfære med kaffi og noko søtt å bite i. Så sjølv om gaming ikkje skulle vere heilt di greie, kan du gjerne bli med for å slå av ein prat, diskutere smått og stort, eller berre vere ein del av det sosiale fellesskapet.

Velkomen til ein uformell og lærerik time der du får sjansen til å dykke inn i gaming-verda, eller berre kose deg i godt selskap!

Tidspunkt: kvar onsdag klokka 11-12

Stad: Ungdomsklubben i kjellaren på rådhuset. Inngang frå Bankplassen