Laura Vanzo
Leikane startar klokka 12 og vil bli halde i parken i sentrum.
− Generasjonsleikane er eit arrangement som fremjar livsglede og aktivitet på tvers av generasjonar, bakgrunn og kultur. Dette håper vi skal bidra til eit endå litt meir inkluderande og aldersvenleg samfunn, og er eit kjempeflott tiltak for folkehelsa i Hareid kommune, seier folkehelsekoordinator Silje Kiperberg Aksnes.
Uansett alder og fysisk form
Det blir ulike postar med aktivitetar i parken, og fokuset vil vere på meistring og samarbeid. Aktivitetane er i hovudsak fysiske, men er lagt til rette slik at alle skal kunne delta – uansett fysiske føresetnadar. Laga som skal delta skal ha minimum to generasjonar. Det treng på ingen måte å være et «familielag». Her kan man invitere med seg ein god nabo, studievennar eller kollegaer. Det kan vere 2-5 deltakarar pr lag.
Vi oppmodar om å byrje å planlegge lag allereie no.
Har du allereie eit lag klart? Meld det på ved å sende e-post til Melinda Skeide.
Møteplass for mangfald og inkludering
Hareid er ei av over 50 kommunar over heile landet som skal arrangere Generasjonsleikane i 2024 med hjelp frå Senteret for et aldersvenleg Norge. Det er betyr leik og moro for alle, uansett alder!
− Vi er veldig glade for at nettopp Hareid er med. I et aldersvenleg Norge skal det vere møteplassar og arenaer der alle generasjonar kan møtast gjennom ulike aktivitetar, fortel Anne Berit Rafoss i Senteret for et aldersvenleg Norge.
Her kan du lese meir om generasjonsleikane.
Lurer du på noko er det berre å ta kontakt!
Folkehelsekoordinator i Hareid kommune Silje Kiperberg Aksnes, tlf: 95 89 12 89, silje.kiperberg.aksnes@hareid.kommune.no