Det er innført besøksforbod ved sjukeheimen. Det betyr dei pårørande ikkje har lov til å besøke sine kjære. Ved Hjellebakken oppmodar vi til avgrensa besøk. Då må vi som kommune tenke nytt for å sørge for at dei kan kommunisere so bra som mogleg.
LES MEIR: Utfyllande informasjon om helse- og omsorgstenestene våre under koronakrisa
Hareid kommune var ein av dei fyrste kommunane som spurte om Sparebanken Møre kunne bidra til innkjøp av nettbrett til institusjonane. Det har vi no fått, noko som vi er svært takksame for.
- Vi gler oss til å høyre kva dette vil ha å seie for bebuarane, seier Elisabeth Blomvik, divisjonsleder for personmarknad i Sparebanken Møre i ei pressemelding.
OPPDATERT: På koronaportalen vår får du siste nytt om status i Hareid kommune
- Dette gjer det også lettare for dei som bur langt unna sine eldre å halde på kontakten. Kanskje dei kan få meir kontakt enn tidlegare. Eg trur dette blir viktig også for dei yngre generasjonane også. Dei kan lettare ta kontakt med sine beste- og oldeforeldre. Vi håpar og trur at dette kan blir eit positivt tilskot, ikkje berre no, men også i framtida, seie Blomvik.
Dei pårørande er også svært takksame for gåva frå Sparebanken Møre. Tida med besøksforbod er vanskeleg og svært kjensleladd tid for både pårørande, bebuarar og tilsette, fortel Toril Overå i Pårørandeforeininga.
FLEIRE NYHEITER: Abonner på vårt nyheitsbrev for å få med deg siste nytt frå kommunen rett i innboksen
- Pårørande lengtar etter å både å få sjå og høyre frå sine. Det er på grensa til livsviktig for somme. Derfor er denne gåva av svært stor verdi. Særleg blir det viktig no i påska, sidan feriar og heilagdagar vanlegvis blir brukt til å besøke eller ta sine på tur eller heim til seg – noko som ikkje er mogleg under koronapandemien, seier ho.
Dei fyrste nettbretta er allereie på plass. Over påske kjem det fleire.