God stemning og rause kollegaar

Det er lovnaden frå rektorane til lærarar som ønsker å jobbe i Hareid kommune.

portrettar - Klikk for stort bileteTrine Pilskog, Siv-Marit Røyset Kaldhol, Unni Dragsund, Vivian Johansen og Hege Tretnes er rektorar i Hareid kommune. Erlend Friestad

- Vi har veldig god stemning i kollegiet, også når det røyner på, seier Hege Tretnes, rektor ved Hareid skule, men snakkar for alle skulane i kommunen.

No treng ho og dei andre rektorane nye tilsette.

Hege får støtte frå Siv-Marit Kaldhol, rektor på Hareid ungdomsskule.

- Ja, vi har god stemning og det hadde vi ikkje klart utan fellesskapet vi har med støttande og rause kollegaar. At vi har eit trygt og godt arbeidsmiljø er noko som går igjen i medarbeidarsamtalane, fortel ho.

Hareid kommune har no lyst ut lærarstillingar for det komande året. Nokon er ledige allereie.

Vivian Johansen, rektor ved Bigset skule, fortel at dei ser etter dei gode, trygge kontaktlærarane, med god arbeidskapasitet.

-  Vi ønsker også lærarar som er gode på å samarbeide og til å bygge relasjonar til både elevar, lærarar og tilsette, seier rektor ved Hjørungavåg skule, Unni Dragsund.

 Rektorane ser også etter lærarar med god kompetanse opp mot fleirspråklege.

-  Vi har eit stort og godt miljø der det høve til å utvikle seg og heve kompetansen, fortel Trine Pilskog, rektor ved Ressurssenteret

I sjølve utlysinga, som du finn her, kan du lese meir om kva kvalifikasjonar og personlege eigenskapar Hareid kommune er ute etter når vi skal tilsette fleire lærarar.

Søknadsfrist er 17. mars.