Har du fått byggeløyve på ei bygning som er omtala i kulturminneplanen?

Då kan du ha krav på å få tilbakebetalt byggesaksgebyret. 

dronebilete Hareid hamn - Klikk for stort bilete Erlend Friestad

I budsjettet for 2022 og 2023 blei det vedteke at verneverdige bygningar og bygningar som er teke med i kulturminneplanen skal vere friteke for byggesaksgebyra.

Vedtaket lyder som følger: «[det blir gitt fritak for byggesaksgebyr] for lag og organisasjonar. Dette gjeld og verneverdige bygg og byggverk, samt bygg tatt med i kulturminneplanen til Hareid kommune

På grunn av ein teknisk glipp, blei ikkje denne delen av vedtaket lagt inn i Lovdata. Forskrifta har derfor ikkje vorte oppdatert med dei vedtekne endringane frå kommunestyret.

Byggesakseining har difor gått ut frå ei anna formulering i forskrifta enn det som var vedteke. Vi ynskjer no å rette opp i dette. Dersom du har søkt om byggeløyve eller anna for ei bygning som er omtala i kulturminneplanen eller er verna, kan du ha rett på å få tilbakebetalt gebyret.

Her finn du PDF av kulturminneplanen.

Kulturminneplanen er ikkje knytt opp mot gards- og bruksnummer. Det vil difor umogleg for byggesakseininga å gå gjennom alle saker frå 1. januar 2022 og sjekke om det feilaktig har vorte fakturert byggesaksgebyr.

Vi ber derfor alle aktuelle tiltakshavarar eller ansvarlege søkarar om å melde frå til oss. Dette gjeld tiltak som er søkt om og godkjend i perioden 1. januar 2022 til 1. juli 2024.

Meld frå til postmottak@hareid.kommune.no merk med «tilbakebetaling sakshandsamingsgebyr byggesak».

Dersom du har spørsmål, kan du kontakte byggesakshandsamar Kim-Tore L. Husøy (kim-tore.leirbekk.husoy@hareid.kommune.no)

Frist for å melde inn er 15. november.