I 2019 gjennomførte Hareid kommune for fyrste gong ei innbyggarundersøking der alle kunne svare. Vi spurte om de syntest om kommunen generelt og tenestene som kommunen tilbyr. Slike undersøkingar er svært viktige innspel til administrasjon og folkevalde når vi skal gjere prioriteringar for framtida.
I år skal vi gjennomføre akkurat den same undersøkinga. Det gir oss moglegheita til å samanlikne oss med oss sjølv. Det gjer at både den førre undersøkinga og årets får ein mykje høgare verdi. I tillegg til å få eit augneblinksbilete av stoda i kommunen, får vi også sjå korleis vi har utvikla oss dei to åra som har gått.
Vi oppmodar derfor alle om å svare på undersøkinga når den kjem i postkassene i slutten av april.
Undersøkinga vil bli gjennomført på same måte som i 2019:
- Alle innbyggarar som er 18 år eller eldre (eller fyller 18 i 2021), kan delta
- Kva husstand får tilsendt eit postkort med informasjon og to eingongspassord
- De svarer på undersøkinga på nettsida svar.bedrekommune.no.
- For å få tilgang, må de bruke eitt av dei to passorda de har fått tilsendt.
- Dersom husstanden har meir enn to vaksne – til dømes heimebuande barn – kan de kontakte kommunen på vivilvite@hareid.kommune.no for å få tilsendt nye.
- Spørsmåla vil vere identiske med dei de svarte på i 2019. Det gir oss ein unik moglegheit til å samanlikne oss med oss sjølv. Har vi klart å forbetre det vi ikkje var gode på? Har vi klart å ta vare på det som vi har lukkast med?
- Svarperiode: Postkorta vil kome i postkassen i løpet av veke 17. De kan svare på undersøkinga frå så fort de får postkorta og til og med søndag i veke 18 (9. mai.).
I 2019 fekk vi inn nesten 850 svar. Det gir ein svarprosent på 21. Eit mål må vere at vi klarer å kopiere dette i 2021!
Her kan du lese korleis de svarte på undersøkinga i 2019.
Hjelpestader for ikkje-digitale
Det er i utgangspunktet berre mogleg å svare digitalt på undersøkinga. Vi veit at ikkje alle får til det utan hjelp. I 2019 hadde vi mange stader der innbyggarar som ikkje var digitale (og andre) fekk hjelp til å svare. På grunn av koronapandemien kan mange av desse aktivitetane bli vanskelege å gjennomføre. Vi oppmodar derfor alle som er pårørande/i familie med ikkje-digitale innbyggarar om å hjelpe dei og oppmuntre dei til å svare.
Vi vil kome tilbake med kva hjelp vi kan tilby og alternativ, basert på smittesituasjonen i undersøkingsperioden.