Hareid blei årets turbokommune 2024

Under fylkesfestivalen i UKM fekk Hareid kommune ein overraskande og gjev pris.

Ungdomane frå Hareid på UKM-festival. Melinda Skeide

Over 160 ungdomar var samla i Aure 10.-12. oktober. Dei ni deltakarane frå Hareid har hatt nokre fine dagar på festival. Melinda fortel at alt gjekk fint og ungdomane fekk vist fram kunsten sin på ein veldig bra måte.

- Det var mange som let seg imponere at dei flinke ungdomane våre, fortel ho.

Hareid kommune hadde med to songarar, Jetmund og Amalie, bandet Angel Wings on Fire med Camilla, Håkon, Isak og Mikael, Andreas på pianospel og to kunstnarar Lineah og Anette. Jetmund og Anette hadde også ei arrangørrolle på ein framsyninga.

På festen siste kvelden vart delegasjonen frå Hareid kommune overraska med å bli ropt opp på scenen for å bli «årets turbokommune». Prisen fekk Hareid kommune for arbeidet vi gjer for ungdomskultur.

- Det var veldig kjekt og overraskande å bli satt pris på og få denne anerkjenninga, seier Skeide.

 

Melinda Skeide, til høgre, viser fram UKM-utmerkinga

Her er grunngivinga for prisen:

Kommunen som vinner årets turbokommune, har de siste årene vist at de prioriterer ungdomskultur og annet ungdomsarbeid høyt i kommunen, der UKM er en viktig del av alt det som gjøres for målgruppa.

Kommunen har en god helhetstankegang rundt ungdomskultur, og engasjerte ansatte som er gode til å sette planer ut i livet.

Kommunen var en av de første til å underskrive samarbeidsavtale med fylkeskommunen om UNG kunst og kultur, og bruker denne avtalen godt for å få til mer aktivitet for ungdommene.

Det er god oppslutning rundt UKM i kommunen, både fra ungdommer og fra næringslivet. Kommunen har mye variasjon i tilbudet og UKM er tydelig til stede hele året: det blir arrangert ulike verksteder, ferieaktiviteter og kommunen er generelt opptatt av å bruke UKM som merkevare.

Selve lokalfestivalen sin har de under en festival i skolens sommerferie: Seinsommarfest, der UKM er blitt en programpost på scenen under festivalen.

Kommunen har også laget UKM-film som promotering og bruker ungdommer godt under både planlegging og gjennomføring av UKM.