- Hareid er ei skjult perle

Onsdag denne veka hadde Hareid kommune besøk av to cruise-agentar frå DMC Nordic. Dei fekk sjå noko av alt det flotte Hareid kommune har å tilby. Mellom anna fekk dei besøke Hareid kyrkje, Hodr vikingsete og Ishavsmuseet. Omvisinga vart avslutta på Hareid sauna.

Ordførar Bernt Brandal saman med andre representantar for kommunen viste cruiseagentane rundt i kommunen. Christine Erdal

- Dette er den beste visningsturen vi nokon gong har vore på! Vi er skikkeleg overraska og imponerte over det vi har opplevd her i dag. Vi set stor pris på at vi vart så godt mottekne her i Hareid, og vi er overtydde om at Hareid blir ein ny cruisedestinasjon. Vi har funne ei skjult perle!, seier representantane frå DMC Nordic, Bozidar Despenic og Nemanja Bozickovic.

Representantane frå Hareid kommune og Vekst i Hareid var også svært godt fornøgde med dagen. Dei har god tru på at dette besøket vil føre til fleire cruiseanløp til Hareid, noko som vil gi positive ringverknader for kommunen og det lokale næringslivet. 

LES OGSÅ: Dette er cruiseskipa som kjem til Hareid

- Dette er eit resultat av eit godt samarbeid mellom Hareid kommune, Vekst i Hareid, Hareid cruisenettverk, Destinasjon Ålesund og Sunnmøre, og ikkje minst dei lokale aktørane. Eg er kjempefornøgd med dagen. Alle aktørane har gjort ein veldig god innsats, og Hareid viste seg frå si beste side. Vi er i ferd med å etablere Hareid som ein attraktiv reiselivsdestinasjon. Vi gler oss til fortsettinga!, seier ordførar Bernt Brandal.  

Hodr Hjørungavåg vikingsete var ein av stoppestadane på visningsturen. Larysa Parkhomenko Det same var Polarstar Larysa Parkhomenko Kvitneset Larysa Parkhomenko og Hareid kyrkje Larysa Parkhomenko