Hareid kommune sannsynlegvis ikkje råka av feil med meldingsteneste til barnevernet

Det er nyleg oppdaga ein svikt i overføring av bekymringsmeldingar mellom leveransdørsystemet Visma og Nasjonal portal for bekymringsmelding.

Denne artikkelen er over eitt år gamal og kan innehalde utdatert informasjon.

Bergen kommune melde måndag 6. juni at minst 24 meldingar til barnevernet, som er sendt inn gjennom den nasjonale varslingstenesta, ikkje har kome fram til barnevernet.

Barnevernsamarbeidet på søre Sunnmøre nyttar det same systemet som Bergen kommune.

IKT-leverandøren vår, SSIKT, har oppgradert programvare og søkt gjennom loggfilane for å sjekke om Hareid, eller nokon av dei andre seks kommunane som er i SSIKT-samarbeidet, er råka av feilen. Per no har dei funne spor av éi melding som ikkje har kome fram. Den blei sendt 24. mars 2022 og gjaldt eit barn busett i Volda.

Barneverntenesta tok i bruk systemet januar 2021. Vi manglar loggfiler frå det fyrste året med systemet. Har du sendt inn ei bekymringsmelding i 2021, og du mistenker at denne ikkje har kome fram til barnevernet, ber vi deg om å ta kontakt.

Har du ei bekymringsmelding til barnevernet, kan du sende inn via denne lenka.