Hareid skule får ny parkeringsplass og tryggare trafikkbilete

Arbeidet har starta – ny droppsone og parkeringsplass til Hareid skule er på veg.

Gravemaskin gjer klar området på Brekkane som skal bli ny veg og drop sone. - Klikk for stort bilete Erlend Friestad kart over nye parkeringsmoglegheiter  - Klikk for stort bileteGrått felt i kartskissa er køyreveg og parkeringsplass. Rosa felt er gangveg. Området vert skilta slik at trafikken vert leda inn i sørlege ende for parkeringsplass eller levering av elevar i droppsone med direkte tilkomst til skuleområdet via gangveg. Utkøyring i nordlege ende.

No skal vi etablere ei ny droppsone for levering av barneskuleelevar og ny parkeringsplass for tilsette, foreldre som vil følgje elevane til døra og andre besøkande til skulen. 

For å få til eit godt prosjekt har vi samarbeida godt med tilsette og elevrådet ved Hareid skule og prosjekterande ingeniørar hjå Asplan Viak.

Målet er at arbeidet skal vere ferdig i løpet av 2024, men ved tidleg snø og kulde kan datoen bli utsett til asfaltverket opnar igjen på nyåret. Total ramme på budsjettet er 11 millionar kroner.  

Området vert tilpassa den nye tilkomstvegen til Brekkane bustadfelt med både gang- og køyrevegar. Grått felt i kartskissa (nedst til høgre) er køyreveg og parkeringsplass. Rosa felt er gangveg. Området vert skilta slik at trafikken vert leda inn i sørlege ende for parkeringsplass eller levering av elevar i droppsone med direkte tilkomst til skuleområdet via gangveg. Utkøyring i nordlege ende.  

Dagens eksisterande parkeringsplass og droppsone vil vere i drift til prosjektet er ferdig. Når den nye parkeringsplassen er klar, vil vi stenge eksisterande parkeringsplass for bilar og arealet vert ein del av skuleområdet. Dagens droppsone vert bygd om slik at det blir gangveg til skuleområdet og berre ei innkøyring med snuplass for varelevering og utrykkingskøyretøy.  

Holstad Maskin AS vann anbodskonkurransen og skal utføre arbeidet i lag med fleire andre lokale leverandørar.