Høgtlesing og ordførarprat, laurdag 01.10. kl. 12.00
Velkomen til biblioteket - kva skal ordføraren lese om skal tru?
Hareid kommune
Denne artikkelen er over eitt år gamal og kan innehalde utdatert informasjon.
Laurdag er det høgtlesing for borna i det fine folkebiblioteket på Hareid - og denne gongen er det sjølvaste ordførar Bernt Brandal som kjem og les.
Ordføraren vil vere igjen i biblioteket for ein prat om stort og smått, og tek gjerne imot innspel til korleis Hareid kommune kan bli ein endå betre plass å bu og leve.
Hjarteleg velkomen!
Sist endra 30.09.2022 15:56