Høyring - Ny felles gebyrforskrift for vatn og avløp i sjustjerna, Hareid kommune

Formannskapet vedtok 8. juni 2026 i sak 26/821 å legge forslag til ny gebyrforskrift for vatn og avløp ut på høyring. Dette er ei felles gebyrforskrift for kommunene i Sjustjerna. 

Nærbilete av ei vasskran som renn. - Klikk for stort bilete Erlend Friestad

Føremålet med felles gebyrforskrift for vatn og avløp i Sjustjerna er å sikre meir einsarta praksis, betre samarbeid og redusere sårbarheit i forvaltninga. 

Felles forskrift kan føre til nokre mindre endringar i gebyrfordeling for abonnentane i Hareid kommune. Sjølv om det er ei felles forskrift, vil likevel gebyrsatsane for kvar kommune verte fastsett einskildvis. Gebyrsatsane for Hareid kommune vert fastsett årleg gjennom gebyrregulativet, i samband med den ordinære budsjettbehandlinga i kommunestyret.  

Forskrifta er planlagt å tre i kraft frå 01.01.2027. 

Dokumenta i saka finn du nedanfor. Det er no lagt ved følgebrev med gebyrsimulering. Merk at simuleringsdata berre viser korleis gebyra kunne ha vore i 2026 - om forskrifta allereie var gjeldande. 

Ny Forskrift om vass- og avløpsgebyr, Hareid kommune.pdf (PDF, 133 kB)

Ny Forskrift om vass- og avløpsgebyr, Hareid kommune - kommentarar.pdf (PDF, 500 kB)

Hareid - Følgebrev VA-forskrift (2026_07_03).pdf (PDF, 875 kB)

 

Har du innspel kan du sende inn dette via denne lenka. Oppgi saksnummer 26/821.

Høyringsfrist: 10.08.2026