Høyring om endringar i forskrift om open brenning og brenning av avfall i småomnar
No skal det klargjerast kvar ein kan brenne avfall utandørs.
Ulstein og Hareid brannvesen
Denne artikkelen er over eitt år gamal og kan innehalde utdatert informasjon.
Saka gjeld endring av lokal forskrift om open brenning og brenning av avfall i småomnar med forbodsonekart. Den lokale forskrifta er tilpassa dei lokale tilhøva i kommunen. Framlegget til endring gjeld først og fremst klargjering av kva for område i kommunen som har totalforbod mot brenning utandørs. I tillegg er det redaksjonelle endringar i teksten.
Svar sendast i posten eller til e-post: postmottak@hareid.kommune.no
Høyringsfristen er sett til åtte veker, og innspel og merknadar må vere sendt inn innan 23. januar 2023.
Høyring - Endring av forskrift om open brenning og brenning av avfall i småomnar
Sist endra 02.12.2022 12:40