Høyring om forskrift om føring av tilsyn med bygg, område m.m. i Hareid kommune
Hareid og Ulstein brannvesen ønskjer lettare kunne gjennomføre tilsyn i bygg og område med større risiko for brann.
shutterstock
Denne artikkelen er over eitt år gamal og kan innehalde utdatert informasjon.
Sidan 2014 har sentrale mynde oppmoda brannvesena i Noreg om å fokusere på utsette grupper i forhold til brannførebygging. Utsette grupper er i denne samanheng personar som fysisk eller psykisk har vanskar med å handtere ein brann eller gjennomføre brannførebyggande tiltak sjølve.
Ulstein kommune har hatt lokal forskrift om rett til å føre tilsyn med bygg, område m.m. sidan 2015. Hareid og Ulstein brannvesen ser det som tenleg at det vert likt i begge kommunane.
Kommunen har ikkje heimelsgrunnlag for å gå tilsyn i andre bygg enn dei som er registrert som særskilt brannobjekt gjennom enkeltvedtak. Med denne forskrifta vil Hareid og Ulstein brannvesen lettare kunne gjennomføre tilsyn i bygg og område med større risiko for brann.
Svar sendast i posten eller til e-post: postmottak@hareid.kommune.no
Høyringsfristen er sett til åtte veker, og innspel og merknadar må vere kome inn innan 23. januar 2023.
Høyring - Lokal forskrift om rett til å føre tilsyn med bygg, område m.m. i Hareid kommune
Sist endra 02.12.2022 12:41