I år blir det julelys i heile Kjøpmannsgata!
Dei skal opp i tidsrommet mellom 15.-19. november og då blir det redusert framkomelegheit.
Erlend Friestad
Denne artikkelen er over eitt år gamal og kan innehalde utdatert informasjon.
For fyrste gong vil Hareid kommune henge opp julelys i heile Kjøpmannsgata – heilt frå Helsehuset til rundkøyringa. Vi gler oss til vi kan tenne dei.
Uteseksjonen skal henge opp lysa i perioden 15. – 19. november. Desse dagane vil det vere redusert framkomelegheit i tidsrommet 08-15.
Vi oppmodar derfor dei som ikkje må køyre Kjøpmannsgata vel andre vegar. Dei som har naudsynte ærend/bebuarar/besøkande skal sjølvsagt få køyre.
Lysa blir tent under julegrantenninga fredag 26. november klokka 18 - meir informasjon om dette arrangementet tidlegare.
Publisert av Erlend Friestad
Sist endra 09.05.2023 09:06