I dag skal formannskapet sende budsjettet på høyring

Formannskapet er nest siste stasjon før budsjettet for Hareid kommune blir vedteke.

Denne artikkelen er over eitt år gamal og kan innehalde utdatert informasjon.

I møtet den 27. november skal dei vedta kva budsjett dei skal sende ut på høyring. 

Møtet er ope for publikum og vil også bli direktesendt her på nettsida og på Facebook-sida til Hareid kommune frå klokka 12.

Fram til 12. desember, kan alle som ønsker det, kome med sine innspel.

Det endelege budsjettet blir vedteke i kommunestyremøtet 14. desember.

Her kan du lese kommunedirektøren sitt forslag til budsjett.

 

Det er ei sak til på saklista i tillegg til budsjett. Det er saka om sats for eigedomsskatten i Hareid kommune i 2024. Eigedomsskattsatsen heng sjølvsagt tett saman med budsjettet, men skal handsamast i eiga sak, både i formannskapet og kommunestyret.