I dag vel kommunestyret ordførar, varaordførar og andre organ

26. oktober er det det konstituerande kommunestyret.

 

 

Du kan sjå møtet direkte her frå klokka 18, eller på Facebook, eller møte opp fysisk i kommunestyresaln.

Det fyrste som skjer i møtet er at kommunevalet blir godkjend.

Deretter startar kommunestyret på alle vala som skal gjerast. Dei vil skje i denne rekkefølgja:

  • formannskap
  • ordførar
  • varaordførar
  • kontrollutval
  • levekårsutval
  • næring- og miljøutval
  • valutval
  • valstyre
  • utsendingar til KS

Etter alle vala vil kommunestyret halde fram med «vanlege» politiske saker. Dei skal mellom anna vedta ein budsjettrevisjon, bestemme om Hareid skal busetje fleire enn dei 60 flyktningane vi har sagt vi kan busetje, og avgjere om kommunen skal delta på eit tettstadprogram i regi av fylket.

Til neste kommunestyremøte og kanskje også i desembermøtet, skal det nyvalde valutvalet finne fram kandidatar til meir enn 50 små og store verv, både i kommunen og i eksterne råd og utval.