Politiet, skuleleiinga og andre aktuelle roller i kommunen møttest måndag for å vurdere situasjonen og kva tiltak som er naudsynte etter at meldinga blei rapportert til skulen måndag føremiddag. Meldinga var «Skuleskyting 18.03 2025».
Mange tilsvarande meldingar har dukka opp på skuletoalett i heile landet dei siste vekene. Politiet vurderer at trugselen kan vere ein del av ein «challenge» (utfordring) som har spreidd seg på sosiale medium. Ingen av desse meldingane har ført til hendingar. Det er heller ikkje lokale forhold som tilseier at dette er aktuelt for Hareid.
- Vi tar slike meldingar på alvor, men basert på den informasjonen vi har no, meiner politiet meldinga ikkje er reell og at det er trygt å sende ungdomane på skulen i morgon, seier kommunalsjef for læring og kultur Helge Hamre.
Han ber alle føresette om å prate med sine ungdomar for å sjå om det er mogleg å finne ut kven som står bak meldinga.
- Det er ikkje noko som tilseier at dette er noko anna enn dumskap. Likevel, folk blir forståeleg nok bekymra og redde, så det beste er om den eller dei som står bak kan melde seg, så kan vi leggje saka heilt bort, seier kommunalsjefen.