Ikkje ta strøsanda vår

Vi har merka at nokon har forsynt seg av strøsandlageret vårt. Vi vil vurdere å melde det til politiet om det skjer igjen.

Erlend Friestad  

Denne artikkelen er over eitt år gamal og kan innehalde utdatert informasjon.

 


Det har snødd og under der er det is igjen. Mannskapa våre brøyter og strør det dei kan for å sikre gode køyreforhold i kommunen. Vi set pris på alle tilbakemeldingane vi får på arbeidet - nokre gongar er det eit vegstykke som ikkje fekk nok sand, andre gonger er det eit kryss som har blitt for trongt. Nokre gongar får vi også tilbakemeldingar frå folk som er nøgde! Takk!

Det kalde vêret ser ut til å halde seg, så det blir ikkje slutt på brøyte- og strøsandbehovet med det fyrste. Vi må derfor be dykk om ein ting: Ikkje ta sand frå utelageret vårt.

Vi har merka at fleire har forsynt seg derfrå. Dette er kommunen sin sand, og det er berre personar engasjert av oss, som har lov å forsyne seg derfrå. Vi hadde ikkje skrive denne teksten om ikkje det var eit problem, men no minkar haugen med strøsand.

Dersom ikkje sanden får ligge, må vi dessverre gå til det skritt å melde saka til politiet. I samband med det, vil vi også minne om at heile området er kameraovervåka.

Men… no som alle veit at dette ikkje er lov, så reknar vi med at vi slepp å gå til det skrittet.

PS: Har du tilbakemeldingar til brøytemannskapa, kan du sende tekstmelding til 970 62 360 viss det hastar. Dersom det er generelle tilbakemeldingar eller noko som ikkje hastar, kan du sende e-post til postmottak@hareid.kommun.no eller sende melding til Hareid kommune på Facebook, så skal vi vidareformidle.