Inngår sluttavtale med kommunedirektøren

Ordførar Bernt Brandal takkar avtroppande kommunedirektør Ragnhild Velsvik Berge for åtte år i god teneste for Hareid kommune.

Hareid kommune har inngått sluttavtale med kommunedirektør Ragnhild Velsvik Berge (t.v.). Ordførar Bernt Brandal takkar ho for åtte år i god teneste for Hareid kommune. (Biletet er frå eit anna høve.) Erlend Friestad

- Ho har eit hjarte for kommunen vår og har tatt gode grep og stått på under høgt arbeidspress. Det set både eg som ordførar og dei andre folkevalde pris på. Vi har hatt eit veldig godt samarbeid, seier ordførar Bernt Brandal.

Ragnhild Velsvik Berge kom til Hareid kommune i 2016 frå stillinga som pleie- og omsorgssjef i Herøy kommune. Ho har sin siste arbeidsdag i Hareid kommune 29. februar.

I formannskapsmøtet 26. februar la ordføraren fram forslag frå forhandlingsutvalet om å inngå sluttavtale med kommunedirektør Ragnhild Velsvik Berge. Det er normalt kommunestyret som handsamar tilsettingsforholdet til kommunen sin toppleiar, men eit samla formannskapet gjekk inn for å nytte hasteparagrafen i kommunelova for å få saka raskt avgjort.

Etter dette var formannskapet samrøystes i å godkjenne sluttavtalen.

- Kommunen står framfor store utfordringar og krav til omstilling. No må hovudfokuset vere på økonomisk kontroll og effektiv bruk av dei avgrensa midlane vi har. Ragnhild har jobba beinhardt for å prøve å få kontroll på utfordringane, men no trengst det eit taktskifte og det er derfor strategisk lurt å byte kommunedirektør, seier ordførar Brandal.

Det førebelse rekneskapen til Hareid kommune, viser eit stort underskot, og kommunen vil sannsynlegvis hamne på Robek-lista frå sommaren av. Robek står for «Register over betinget godkjenning og kontroll». Dette tyder at Statsforvaltaren tek delvis kontroll over kommunen sin økonomi. Låneopptak i forbindelse med investeringar må førehandsgodkjennast av statsforvaltaren, og det kan kome konkrete krav om innsparingar i drifta.

Bent Arild Grytten blei i same formannskapsmøte konstituert som kommunedirektør frå 1. mars. Den rolla har han til 21. mars, då er det nytt kommunestyremøte som tek stilling til vidare konstituering.