Invitasjon til informasjonsmøte om Pålhaugen omsorgsbustader

Hareid kommune inviterer deg og alle interesserte til eit informasjonsmøte om prosjektet Pålhaugen omsorgsbustader.

  • Dato: laurdag 01.06.2024
  • Tidspunkt: Kl. 12:00
  • Stad: Kommunestyresalen på Hareid Rådhus

 

Sjølve presentasjonsdelen av møtet vil bli sendt direkte og i lagt ut i opptak på Facebook og Hareid kommune sine nettsider. Spørsmål og svar etter presentasjonen blir ikkje strøyma av personverngrunnar.

 

Agendaen for møtet:

  • Presentasjon av prosjektet
  • Svare på eventuelle spørsmål frå deltakarane

 

Praktisk informasjon:

  • Adresse: Rådhusplassen 5, Hareid Rådhus (2. etasje, opp trappa til venstre frå resepsjonen)
  • Gjesteparkering: Det er parkeringsplassar utanfor bygget, men vi oppmodar deg som har moglegheit til det, om å møte opp utan bil fordi talet på parkeringsplassar er avgrensa.
  • Forbered deg: Ta gjerne med spørsmål du måtte ha om prosjektet, så skal vi svare etter beste evne.

Vi gler oss til å møte deg og håpar at så mange som mogleg har høve til å delta på dette viktige informasjonsmøtet!