Inviterer til sorggruppe for barnHar du eit barn som har mista ein forelder eller søsken? I haust kan barn i 1.–7. trinn frå sjustjerna vere med på sorggruppe på Ulstein helsestasjon.Sorggruppe er eit interkommunalt samarbeidsprosjekt for alle barn i dei sju kommunane på søre.Det vert samling fem gongar i 1,5 timar. Tilbodet er gratis, livssynsnøytralt og interkommunalt. Gruppa vert leia av to helsesjukepleiarar.Stad: Ulstein helsestasjon, Reiten 20Tidspunkt: Klokka 13.30–15.00Datoar: 31. oktober14. november21. november28. november5. desemberPåmelding til helsesjukepleiar Mari Haugen Lunde i Ulstein kommune.E-post: mari.haugen.lunde@ulstein.kommune.no Telefon: 48 22 73 42 Pixabay Publisert 17.09.2024 11:02 Sist endra 17.09.2024 11:03