Ungdomsarbeidar Renate Seljeseth Bøe delte ut is til ungdomane under markeringa av Fritidsklubbens dag.
Erlend Friestad
Markeringa blei ei fin påminning om kor viktig ungdomsklubben er som ein trygg og rusfri møteplass der ungdom kan vere seg sjølve, knyte vennskap og kjenne tilhøyrsle.
Ungdomsklubben spelar ei sentral rolle i arbeidet med å førebyggje utanforskap og fremje inkludering. Her møter ungdom trygge vaksne som ser dei, lyttar til dei og legg til rette for gode rammer rundt fellesskap og trivsel. Tilbodet er ope for alle, uavhengig av bakgrunn, og gir rom for deltaking i eit sosialt miljø der ein kan vere med på eigne premissar.
Gjennom aktivitetar som gaming, bandrom, dans, kunst, bordtennis, biljard og kreative aktivitetar får ungdom høve til å utfalde seg kreativt, samarbeide med andre og utvikle både sosiale og personlege ferdigheiter. For mange er ungdomsklubben ein viktig arena for meistring, tryggleik og kvardagsglede.
– Ungdomsklubben er ikkje berre ein stad å vere. Han er ein arena for utvikling, tilhøyrsle og førebygging, seier ungdomsarbeidar Renate Seljeseth Bøe.
I ei tid der mange unge kjenner på press og forventningar, er det viktigare enn nokon gong å løfte fram betydninga av gode fritidstilbod. Å satse på ungdomsklubbar er å investere i framtida til ungdommane våre – og i eit inkluderande lokalsamfunn.
Her finn du oppdaterte opningstider og program for ungdomsklubben.