Ja, sjølvsagt blir det fellesfyrverkeri!

Kvar nyttårsaftan samlast vi i Hareid for å sjå eit spektakulært fellesfyrverkeri som lyser opp himmelen. Dette er ein flott tradisjon som vi vil halde i hevd.

Scan QR-koden for å gå rett til vippsnummeret til fellesfyrverkeriet.

Fellesfyrverkeriet er eit resultat av eit spleiselag mellom innbyggarar og næringsliv, koordinert frå kommunen. Det kostar 75.000 kroner å lage eit fyrverkeri som er verdig eit nytt år. For å få til dette, treng vi di hjelp. 

Du kan gi ditt bidrag via Vipps til 582357. Alle monner drar, og kvar krone tel.

No har vi også sendt oppmoding til næringslivet i kommunen om å bidra på spleiselaget. 

Saman kan vi skape eit minneverdig fellesfyrverkeri som alle kan glede seg over. 

Fellesfyrverkeriet blir skote opp klokka 22 (eller når gudstenesta er ferdig) frå ytre molo. Kom og bli med på å feire det gamle året og ønske det nye velkomen med eit smell!

Meld også di interesse ved å delta på Facebook-hendinga til fellesfyrverkeriet.

 

Dersom du ønsker å bidra som verksmed, kan du betale inn til kontonummer 4213 38 51377 (meld frå til erlend.friestad@hareid.kommune.no om de har behov for faktura).

 

Bidrag frå næringslivet: