Ordførar Bernt Brandal, kulturleiar Melinda Skeide og banksjef i Sparebanken Møre Ulsteinvik, Ellen Cathrin Kvalsund, delte ut prisen til Jardtrud Hareide og Johannes Røren (midten).
Larysa Parkhomenko
Les heile grunngivinga her:
Det er Levekårsutvalet i Hareid som kvart år tildeler Kulturprisen – eller Hareidsprisen – eit samarbeid mellom Sparebanken Møre Hareid og Hareid kommune.
Også i år har utvalet hatt fleire verdige kandidatar å velje mellom, noko som nok ein gong stadfestar at det frivillige kulturarbeidet står sterkt i kommunen vår.
Med Kulturprisen 2026 heidrar vi ein særleg stor og verdifull innsats innan det utvida kulturomgrepet i Hareid kommune.
Kulturarbeid handlar om vilje til å bruke tid og ressursar på arbeid som kjem andre til gode – om å skape samhald, fellesskap og kjensle av å høyre til.
Det handlar om å sjå verdien av fellesskapet – at det er vi innbyggjarane som saman utgjer bygdene og kommunen vår.
Bak årets tildeling ligg mange år med frivillig arbeid og eit sterkt engasjement for lokalsamfunnet. Det handlar om å ta initiativ, få folk med seg og skape noko som andre kan ha glede av.
Mykje av denne innsatsen skjer utanfor rampelyset. Det er planar som skal leggjast, avtalar som skal på plass, og mange små og store oppgåver som må løysast. Arbeidet tek til lenge før publikum kjem, og held fram etter at dei siste har gått heim.
Å få dette til år etter år krev både pågangsmot og uthald. Nokon må ta ansvar, halde i trådane og bruke mykje av si eiga tid for at andre skal få gode opplevingar.
Etter kvart har dette arbeidet skapt ein fast og kjær tradisjon i Hareid. Ein møteplass med musikk, fest og gleda ved å vere saman – og noko mange ser fram til.
Arrangementet har òg vore nyskapande og nådd ut til eit nytt publikum. Slik har det utvida kulturtilbodet i Hareid og bidrege til fornying av kulturlivet vårt.
Bak arrangementshelga ligg det innsats gjennom store delar av året. Artistar skal på plass, sponsorar skal kontaktast, og ein heil gjeng skal samarbeide om å få alt til å fungere. Dette er dugnadsarbeid som fortener både takk og anerkjenning.
Med årets kulturpris vil vi heidre eit engasjement som har gitt oss gode kulturopplevingar og styrkt fellesskapet i kommunen vår.
Levekårsutvalet har vedteke at Kulturprisen 2026 – Hareidsprisen – går til Jardtrud Hareide og Johannes Røren for den store innsatsen deira for Seinsommarfest.
De har stått i spissen for dette arbeidet og lagt ned eit imponerande tal timar gjennom mange år. Prisen er ein takk for engasjementet dykkar og ansvaret de har teke. Samstundes vil vi rette ein varm takk til heile gjengen som saman med dykk har skapt denne tradisjonen.
Hjarteleg til lukke med kulturprisen, og tusen takk for det de gjer for Hareid!