Kamilla er utdanna sjukepleiar, med vidareutdanning i demens og alderspsykiatri, i tillegg til pedagogikk.
Stillinga som demenskoordinator i Hareid kommune er nyoppretta og skal mellom anna vere eit lavterskeltilbod der både personar med demenssjukdom og deira pårørande kan ta kontakt.
Korleis få hjelp?
Du treng inga tilvising. Du kan sjølv ta kontakt og tenesta er gratis. Koordinatoren er tilgjengeleg på telefon og e-post, samtalar på kontor (etter avtale) eller kan kome på heimebesøk.
Vi veit det kan vere tøft når menneske vert ramma av demens. Det å kome tidleg i dialog kan bety svært mykje, så ver ikkje redd for å ta kontakt.
Kontaktinformasjon:
Kamilla Grimstad Hagen
Telefon: 48 10 44 97
E-post: kamillagrimstad.hagen@hareid.kommune.no