Kari-Janne Ljones Kulø har starta opp i jobben som einingsleiar for helse og koordinerande eining. Her vil ho ha ansvar for legetenestene, helsestasjon, rus og psykiatri, dagsenter, ergo- og fysioterapi.
- Eg ser verkeleg fram til samarbeid, utfordringar og utvikling med dyktige kollegaer i Hareid kommune, seier ho.
Kari-Janne, som har vakse opp på Hareid, er 49 år, gift og har 3 born. No bur ho i Ulsteinvik.
Ho kjem frå jobben som universitetslektor ved NTNU. Tidlegare har ho jobba som helsesjukepleiar i Hareid og Ulstein, og som leiar i Herøy kommune. I tillegg til utdanninga som helsesjukepleiar, har ho ein master i meistring og myndiggjering.
- Kari-Janne vil ha ei viktig rolle for å drifte og utvikle tenestene inn i framtida, seier kommunalsjef i sektor for velferd, Ottar Røyset.