Klipp hekken før skulestart!

Du treng ikkje figurforme hekken – som på biletet - men sjå etter om den ikkje bør få seg ein stuss, både i bredda og høgda. Pexels/Pixabay  

Denne artikkelen er over eitt år gamal og kan innehalde utdatert informasjon.

Om ei drøy veke startar elevane på skulen igjen, og vi vil jo at dei skal kom trygt fram – og trygt heim igjen.

Vi vaksne tenker kanskje ikkje over det, men ein gjennomsnittleg fyrsteklassing er under 120 cm over asfalten. Busken som du lett ser over, både hindrar barna i å sjå kva som er på andre sida, og gøymer dei for bilistane som kjem køyrande.

Buskar og hekkar som veks ut i fortau eller vegbane, må også klippast.

Det er faktisk regler for kor høg hekken eller buskane dine kan vere:

  • Buskar og hekkar skal ikkje vekse utover eigedomsgrensa.
  • I soner som krev fri sikt, skal vegetasjon ikkje vere høgare enn 50 centimeter – også ved snø
  • Fotgjengarar, syklistar og rullestolbrukarar må ikkje bli tvungne ut i vegbanen på grunn av vegetasjon.
  • Hekkar, buskar og tre må ikkje skjule trafikkskilt eller vegnamnskilt.
  • Greiner frå tre må ikkje henge lågare enn 2,5 meter over bakken eller 4,7 meter over vegbanen.