Kom og førehandsrøyst!

Dersom du har bestemt deg for kva du vil røyste på, må du gjerne kome og røyste allereie no. Vi er klare!

Portrettfoto av Erlend Friestad som held ei valurne - Klikk for stort bileteValansvarleg Erlend Friestad og dei andre valmedarbeidarane er klare for å ta imot førehandsrøyster. Anne Karete Mork

I 2021 sette vi ein antakeleg uslåeleg rekord i førehandsrøyster. Heile 64 prosent hadde røysta før valdagen. Dette skuldast ei sterkt oppmoding frå valmyndigheitene om å røyste på grunn av pandemien. Vi ønskte minst mogleg kø og samanstimlingar på valdagen. I tillegg ville det blitt svært hektisk for oss på valdagen om vi skulle dratt heim til alle som kunne hamne i isolasjon.

Oppmodinga i år er ikkje like sterkt, likevel vonar vi at mange vil nytte seg av førehandsrøystetilbodet. Årsaka er at dess fleire som førehandsrøyster, dess smidigare vil valdagen bli for valfunksjonærane og oss andre som jobbar med val. Det vil bli mindre kø, og sidan vi kan telje opp førehandsrøystene på førehand, vil vi vere ferdig med ein god porsjon røystesetlar til det store rushet med setlar kjem inn frå krinsane klokka 19 og på Hareid klokka 21.

Her er oversikt over opningstider for førehandsrøystinga.

Hugs legitimasjon!​​​​​​​