Kommunalministeren kjem til oss

Kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik skal besøke Hareid kommune fredag 9. juni.

Portrettbilete av kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik, - Klikk for stort bileteKommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik. Trond A. Isaksen
Denne artikkelen er over eitt år gamal og kan innehalde utdatert informasjon.

Her skal han møte ordførar, kommunedirektør og andre nøkkelroller i administrasjonen.

Møtet skjer i biblioteket på helsehuset. Her vil han bli orientert om Hareid kommune, kva vi lukkast med, kva utfordringar vi strevar med og kva forventningar vi som kommune har til regjeringa.

Gjelsvik skal også få omvising på helsehuset og besøke Nav for Hareid, Ulstein og Sande og Distriktstannklinikken for dei same tre kommunane.  Gode døme på korleis kommunar kan samarbeid utan å slå seg saman.