Innbyggardialogen skjer via helsenorge.no, og registrerte aktive brukarar (eller deira pårørande med fullmakt) kan kommunisere digitalt med kommunale helsetenester. Meldingane kjem direkte inn i elektronisk pasientjournal. Normalt vil ein få svar innan utgangen av neste yrkedag.
På helsenorge.no fins det i dag mange tenester for innbyggarane (kjernejournal, byte av fastlege med meir). Melding og kalender for kommunale heimetenester via helsenorge.no gjer nettsida endå meir aktuell. Vi håper at innbyggarane i kommunen vil registrere seg som brukar på helsenorge.no og ta i bruk digital dialog med dei kommunale tenestene. I dagens situasjon med pandemi er slik dialog ein enkel og sikker måte å nå tenestene på.
All digital kommunikasjon med helsevesenet skjer trygt via helsenorge.no, og innbyggarane har ei god oversikt over spørsmål og svar. I kommunalt journalsystem vert dialogen journalført på aktuell tenestemottakar.
Meir utfyllande informasjon er å finne i artikkel om saka frå oktober 2019.