Kommunestyret: Alkoholpolitisk handlingsplan, 17. mai og Coop-heis

Hareid kommunestyre skal samlast til videomøte torsdag 30. april.

 

Denne artikkelen er over eitt år gamal og kan innehalde utdatert informasjon.

Her er eit samandrag av saklista. Møtet vil bli sendt live på Facebook-sida til Hareid kommune.

Coop-heis

Det er planar om å bygge heis frå taket på nye Coop, der det skal vere parkeringsplass, ned til gateplan og helsehus. Dette kostar pengar. Hareid kommunestyre skal i møte seie ja eller nei til om dei skal inngå ein avtale med Coop om å delfinansiere heisen. Det vil i so fall koste om lag 1,5 millionar.

Saka skal også handsamast i formannskapet 29. april.

Vil du ha nyheiter frå Hareid kommune rett i innboksen? Abonner på vårt nyheitsbrev.​​​​​​​

Ønsker taletid i kommunestyret

Råd for menneske med nedsett funksjonsevne (RFU) har levert eit fråsegn til kommunestyret om at dei ønsker møte- og talerett i kommunestyret og dei andre folkevalde organa i kommunen.

Kommunestyret kan gi RFU og dei andre medverknadsorgana (eldrerådet og ungdomsrådet) denne moglegheita. Saka står på sakskartet som ein referatsak, men kan bli handsama som ein vanleg politisk sak. For at det skal skje må ein av kommunestyrerepresentantane be om det og få tilslutning frå kommunestyret.

Veterinærteneste

Kommunane Hareid, Herøy, Sande og Ulstein er eit felles vaktdistrikt for veterinærteneste. Kommunane har lovpålagt plikt til å syte for tilfredstillande tilgang på tenester frå dyrehelsepersonell  til produksjonsdyr, smådyr og kjæledyr.  Kommunane har vidare ansvar for å organisere klinisk veterinærvakt utanom ordinær arbeidstid. Ulstein er vertskommune for tenesten. Etter at kommuneveterinæren slutta i 2014 har kommunane i vaktdistriktet ytt eit driftstilskot på 300000 kr årleg (indeksregulert) for å sikre gode tenester. I tillegg gir staten tilskot i form av vakttilskot, administrasjonstilskot, samt at fylket kan gi stimuleringstilskot til næringssvake område etter søknad. For å sikre ei god teneste i fortsettinga, ber ein om at driftstilskotet blir vidareført som no i 3 år framover, delt likt på dei fire kommunane.

 

Alkoholpolitisk handlingsplan

Gjeldande Alkoholpolitisk handlingsplan går ut i 2020, og ny plan må vedtakast før kommunestyret skal behandle alle sals- og skjenkeløyva i kommunen på nytt i løpet av sommaren 2020. Ei interkommunal arbeidsgruppe (Hareid, Herøy, Sande, Ulstein, Vanylven, Volda og Ørsta) har utarbeidd eit utkast til ein ny handlingsplan.
Utkastet inneheld hovudmåla for Hareid kommune sin alkoholpolitikk, og kva tiltak som nyttast for å nå alkohollova sitt mål om å redusere tilgjenge til og forbruket av alkohol.

Saka har tidlegare vore handsama i formannskapet som leverer følgande innstilling til kommunestyret:

Kommunestyret vedtek utkast til Alkoholpolitisk handlingsplan som den ligg føre i veldegg 1. med endring i pkt. 4.1.1. kulepunkt 7 vert endra frå:

Kulturbygg og bygg som vert nytta som grendehus til Bygg som vert nytta som grendehus.

Rådmannen får i oppgåve å utarbeide reglar for automatisk fornying til neste fornyingsperiode i 20124. Reglane skal godkjennast av kommunestyret.

1. Nytt punkt 4.2.4 «utandørs festivalar» med følgjande ordlyd:
Aldersgrensa ved utandørs festivalar der det vert skjenka alkohol skal vere minimum 18 år.

Det vert ikkje gjeve løyve til å skjenke alkoholhaldig drikk gruppe 3. Det gjeld sjølv om det er sett opp festivaltelt eller liknande.

Festivalområdet skal vere fysisk avgrensa, det skal vere forsvarleg vakthald og sett i verk forsvarlege tryggingstiltak.

2. Første avsnitt i punkt 4.1.2 Skjenketider vert endra slik:

Normal skjenketid for gruppe 1 og 2 frå kl 11:00 - 02:00 alle dagar, hotellet får skjenke frå kl 09:00.

Normal skjenketid for gruppe 3 frå kl 13:00 - 24:00 alle dagar.  

3. Følgjande tekst vert lagt til under punkt 4.4.3 Innhenting av uttalar:

Når det vert søkt om skjenking på utandørs areal, skal det innhentast uttale frå teknisk etat. Teknisk etat gjev uttale om reguleringsmessig status, avstand til trafikkareal, plassering og utforming av skjerming/gjerde, eigartilhøve m.v.

 

Legevaktbil

Ulstein kommune er vertskommune for den interkommunale legevakta i Hareid og Ulstein. Det har lenge vore eit uttrykt behov at legevakta blir utstyrt med legevaktbil som er uniformert og har GPS/sambandsutstyr som kommuniserer med AMK. I akuttmedisinforskrifta står det at «kommunen skal sørge for at legevakten er organisert og utstyrt slik at personell i vakt kan rykke ut umiddelbart». No under pandemiutbrotet ser vi at eigen bil for legevakta også er heilt nødvendig  på grunn av smittevernhensyn.

Administrasjonen tilrår derfor å lease ein legevaktbil som kan nyttast til nødvendige besøk i heimar og institusjonar samt til akuttutrykkingar, for eksempel ved arbeidsulykker og bilulykker. Denne bilen må ved ulykker og alvorlig sjukdom kunne kommunisere med ambulanse, brannpersonell og politi ved  behov. Dette bør vere eit permanent tiltak som held fram etter pandemien.

Saka skal også handsamast i formannskapet 29. april.

17. mai-finansiering

Koronasituasjonen gjer at det ikkje blir nasjonaldagsfeiring som vanleg. Ordførar har derfor tatt initiativ til at Hareid kommune skal ta ein koordinerande og samlande rolle under feiringa. Det vil krevje noko finansiering.

Koronapandemien gjer at 17. mai-feiringa ikkje kan gå som normalt. Helsedirektoratet har lagt fram retningslinjer for korleis vi kan feire og samstundes oppretthalde smittevern. Endeleg rettleiar vil bli klar fyrst 4. mai, men det som er klart, er at veldig mykje av det tradisjonelle programmet må leggast bort. Vi må derfor tenke alternativt. Ordførar, kulturkonsulent og informasjonskonsulent har vore i møte med 17. mai-komiteane i krinsane og representantar for korpsa.

Det er eit ønske om at kommunen både koordinerer og bidrar ekstra i den spesielle situasjonen.

Ordførar legg fram forslag om tre tiltak: musikkvideo, fellesannonse i Vikebladet Vestposten og filmkavalkade. Samla pris: 25.000 kroner.

Saka skal også handsamast i formannskapet 29. april.