På bileta ser du nokre av elevane og lærarane frå Hareid ungdomsskule som vitja biblioteket denne dagen, Adel Farooq med boka si «Mine brødre» og eit bilete frå animasjonsfilmen «Kakerlakkene».
Anne Vasstrand
Forfattar Adel Farooq.
Anne Vasstrand
Adel Khan Farooq hadde tatt turen frå Oslo for å møte ungdomsskuleelevane med foredraget sitt om utanforskap og ekstremisme.
Adel er journalist, forfattar og filmskapar. Han er fødd i Oslo med pakistanske foreldre. Terrorangrepet 22. juli fekk han til å ville finne ut meir om kvifor ein kvit norsk mann, som har vekse opp i eit av verdas beste land å bu i, kunne gjere ei slik ekstrem handling.
LES OGSÅ: Komande arrangement på biblioteket
Under arrangementet viste Adel Farooq animasjonsfilmen sin «Kakerlakkene», som handlar om ein gut som føler seg ekskludert, men som blir tatt vare på av ei gruppe som brukar valdelege verkemiddel for å nå måla sine.
Før og etter filmen fekk elevane høve til å reflektere og delta kring spørsmål om det å ikkje ha ei sosial eller kulturell tilknyting til samfunnet og det å stå utanfor skule eller arbeidsliv. Det var samtale om radikalisering og ekstremisme og kor farleg det kan vere om ein person berre aksepterer eigne meiningar.
Utanforskap er noko alle kan vere med på å motverke. Difor er det Adel Farooq tok opp i dette arrangementet viktig å sette fokus på.