Korleis står det til med eigenberedskapen hos deg?

Bli med på spørjeundersøking.

Bilete frå folkemøtet - Klikk for stort bileteHareid kommune samarbeider med ein lang rekke aktørar for å sikre beredskapen i kommunen, både førebyggande og under krisene. På biletet ser du beredskapsaktørane som deltok på folkemøte om eigenberedskap. Her var mellom anna sivilforsvar, heimevern, politi, Røde Kors og Saniteten. Privat

Førre veke arrangerte Hareid kommune eit folkemøte om eigenberedskap. Over 100 “sivile” personar deltok, i tillegg til representantar frå mange ulike beredskapsaktørar.

På møtet presenterte vi kva sårbarheiter vi har avdekka ein ny analyse og konsekvensane som kan oppstå på grunn av kriser i kommunen.

Fekk du ikkje eigenberedskapsbrosjyren i postkassa? Her kan du laste ned ein digital versjon. (PDF, 4 MB)

Eigenberedskap hjelper

Kommunen og dei andre beredskapsaktørane har i desse situasjonane nok med å hjelpe dei som er mest sårbare – ergo må vi andre sikre at vi kan hjelpe oss sjølv. I dei aller fleste scenario ser vi derfor at god eigenberedskap kan gjere det lettare å handtere krisene.

Rådet er at vi bør ha forsyningar og hjelpemidlar som gjer at vi kan klare oss utan hjelp i sju dagar. Her kan du lese meir om dette rådet.

 

Korleis står det til i heimen din?

Ein del av folkemøtet var å ta ein eigenberedskapssjekk. Deltakarane kunne svare på ein anonym undersøking der dei blei spurt om kva dei hadde av eigenberedskap heime.

No kan du vere med på same undersøking. Ho består av ni enkle spørsmål og er gjort unna på to minutt.

Svara vi får inn vil gi oss som jobbar med beredskap ein peikepinn på korleis det står til med eigenberedskapen i Hareid kommune.

Svar ved å trykke på denne lenka.

Under kan du sjå resultata frå folkemøtet. Det er grunn til å tru at dei som møtte opp her, er meir interesserte i temaet og derfor også har betre eigenberedskap enn gjennomsnittsinnbyggaren. Korleis klarer du deg samanlikna med desse?