Kulturprisen 2020 går til Arild Grimstad

Arild Grimstad fekk utdelt prisen under årets siste kommunestyremøte.

Erlend Friestad  

Denne artikkelen er over eitt år gamal og kan innehalde utdatert informasjon.

Grimstad var invitert til å synge for kommunestyret og visste ikkje at han skulle få prisen.Sjå video av utdelinga her:

Under kan du lese grunngivinga for prisen:

Det er Levekårsutvalet i Hareid som kvart år tildeler Kulturprisen eller Hareidsprisen, som er eit samarbeid mellom Sparebanken Møre Hareid, og Hareid kommune.

Levekårsutvalet har også i år hatt fleire verdige kandidatar å velje mellom, noko som nok ein gong stadfestar at det frivillige kulturarbeidet står sterkt i vår kommune.

Kulturprisen 2020 går til nokon som har gjort ein særleg stor og verdifull innsats som dekkjer det utvida kulturomgrepet i Hareid kommune.

Kulturarbeid er å vere villig til å bruke tida og ressursane sine til arbeid som kjem andre til gode - til å arbeide for å skape samhald og kjensle av å høyre til. Kulturarbeid er å sjå verdien i at kvar og ein av oss er med i eit fellesskap, at det er vi innbyggjarane som samla utgjer bygdene og kommunen vår.


Prisvinnaren i år er eit unikum av ein person som alltid har vore levande interessert og aktiv i det frivillige kulturlivet i Hareid.

Prisvinnaren har lagt inn tallause timar på dugnad og vore pådrivar, leiar og motivator for å skape trivsel og kulturglede. Årets prisvinnar er blid, engasjert og lett å be. Vedkomande brenn for å utvikle Hareid og for å skape trivsel, glede og bulyst. Vinnaren har vore ein lokal pådrivar for Søre Sunnmøre Kammermusikkfestival og spesielt arbeidd for å få lagt konsertar til Hareid.

Dette har ført til mange store og små prosjekt – til glede for innbyggarar i alle aldrar. Dei seinare åra har han engasjert seg sterkt i ei frivillig gruppe som har som målsetjing å styrke kulturlivet på Hareid, i brei tyding. Han har også vore pådrivar for Hareidsstemna og vore stemnegeneral i ei årrekkje.

Prisvinnaren har vore engasjert i kommunepolitikk som representant i kommunestyret i fleire periodar og vore leiar for det kommunale kulturutvalet, ideelle og kulturelle lag og foreningar.

Prisvinnaren har ei røyst som blir lytta til -  på ulike arenaer og til ulike tilhøyrarar – dette gjennom sin innsats som kormedlem, solist og dirigent i mange år. Han har vore aktiv korsongar i fleirfaldige kor, i meir enn 55 år. 

Prisvinnaren Han har gått på sommarkurs i Oslo med anerkjende songpedagogar, debuterte med eigen konsert i Aulaen og er kjend som solist både i kora, og åleine,. Han har også vore dirigent for fleire kor. Koret han no dirigerer, og som han har vore med i heilt frå tenåra, er kjent for malmfull klang og dyktige solistar – ikkje berre her – men i landet elles og i utlandet. 

Resultatet av denne innsatsen har gitt oss kultur og kulturformidling på sitt beste, og er noko vi kan vere stolte av. Gjennom sitt engasjement er vinnaren ein god rollemodell, eit godt førebilete og ein glitrande ambassadør for Hareid kommune.

Prisvinnaren er ein anerkjend baryton-solist som er mykje nytta lokalt og nasjonalt i oratorier, musikalar og kor og orkesterkonsertar.

I tillegg er han leiar og pådrivar i sentrumsforeninga Hafest.

Året i år er spesielt – og som skjebnens ironi eller symfoni  – skulle denne prisen ha blitt utdelt på Hareidstemna – som på sett og vis er synonymt med årets prisvinnar

No veit sikkert mange kven vi snakkar om, og her kjem det:

Levekårsutvalet har vedteke at kulturprisen for 2020, Hareidsprisen skal gjevast for glødande engasjement i kulturlivet i Hareid i snart 60 år  -  Arild Grimstad.