Kunnskapsministeren lytta til Hareid-elevar

Ungdomsrådet i Hareid og elevrådet ved Hareid ungdomskule fortalte Guri Melby korleis dei hadde opplevd perioden med stengde skular.

Kunnskapsminister Guri Melbye - øvst til venstre - møtte Hareids-ungdomen til videomøte måndag 15. juni.

Denne artikkelen er over eitt år gamal og kan innehalde utdatert informasjon.

12. mars stengde regjeringa alle skular og barnehagar. Det snudde opp ned på skulekvardagen. No har han normalisert seg for dei fleste og då ønska kunnskapsminister Guri Melby (V) å høyre korleis elevane hadde opplevd våren. Måndag 15. juni møtte ho representantar frå Ungdomsrådet i Hareid kommune og elevrådet ved Hareid ungdomsskule (HUS)

Vil du ha nyheiter frå Hareid kommune rett i innboksen? Abonner på vårt nyheitsbrev!

- Har vi lært noko bra som vi kan ta med oss vidare eller er det ting vi ikkje vil halde fram med? Innleia statsråden i eit videomøte med ungdomsrådet i Hareid og elevrådet ved Hareid ungdomsskule.

Fyrst ut var Pravin Selva og Anders Pilskog frå Ungdomsrådet:

- Lærarane har gjort ein formidabel jobb. Vi føler at lærarane har hjelpt oss til å kome oss gjennom dette på ein god måte. Dei ringte mellom anna rundt til dei elevane som ikkje møtte til time for å høyre om alt stod bra til, sa Selva som er elev ved Ulstein Vidaregåande skule.

- Eg opplevde det som veldig positivt at lærarane klarte å halde timeplanane. Dei lytta også til oss elevane. I starten var det eit stort trykk på å halde prøver. Det fungerte ikkje så bra, og dei letta på trykket etter at vi ga tilbakemelding om det, fortalte Anders Pilskog.

Sakna familie og vener

Kva var det vanskelegaste i denne situasjonen, lurte Melby på.

- Det vanskelegaste har vore å ikkje kunne vere like mykje med familie og vener. Vi har også vore bekymra for om vi kjem til å smitte nokon, og så har det vore kjipt å ikkje kunne drive med idrett, fortalte Caroline Nykrem Korshaug frå elevrådet på HUS.

På ungdomsskulen har undervisninga vore lagt opp anneleis enn på UVS. På Ungdomsskulen har dei hatt meir eigenstudier.

- Vi hadde morgonmøte kl 10 og så har lærarane følgt opp den enkelte. Dei som har hatt god studieteknikk har klart seg bra, medan det har vore vanskelegare for andre, fortalte Korshaug.

Auka fråver

Kunnskapsministeren ønska også å høyre om det var elevar som ikkje hadde hatt det bra under skolestenginga.

- Vi så jo at fråveret blei større og større utover i perioden. Særleg dei som allereie synest skulen er kjedeleg, sleit med å motivere seg når alt skjedde på skjerm, fortalte Selva frå ungdomsrådet.

Skuleelvane hadde også innspel til kunnskapsministeren. Mellom anna om fråversgrensa for VGS-elevar:

- At den blei droppa i vår skuldast mellom anna at vi ikkje ønska at elevar som blei sjuke brukte tida til legane, som hadde mykje å gjere, til å be om sjukemelding. Det kan det bli aktuelt å gjere igjen, evt å sette ei høgare grense. Likevel, fråversgrensa er nok komen for å bli. Vi fekk ein rapport i dag som viser at fråversgrensa faktisk fører til at fleire er på skulen og får høgare karakterer, svarte kunnskapsministeren.

Varm skulemat?

Det blei også spurt om ministeren kunne sørge for at norske elevar får varm skulelønsj.

- Det viktigaste vi kan gjere sentralt er å sikre god undervisning. Andre ting må vere ein lokal prioritering. De har jo ein bra skulefrukost. Den fekk eg jo sjølv prøve då eg var her i januar. Eg vil gjerne sjå meir av dette, men det må vere lokale initiativ.

Partifelle til statsråden og varaordførar i Hareid, Annika Brandal, styrte samtalen mellom ungdommane og statsråden.