Kunstutstilling: mektig bildeserie over slaget i Hjørungavåg

Hareid kommune har fått ei flott gåve frå kunstnar Rudolf Overå. Det er ein bildeserie som består av 34 oljemaleri og teikningar som bygger på Snorre Sturlassons historie om slaget ved Hjørungavåg.

Utsnitt frå maleri som blir vist på utstillinga. - Klikk for stort bilete Rudolf Overå

Rudolf Overå vaks opp på Hjørungavåg på 30- og 40-talet. Han fortel at dei ofte leika jomsvikingsslag og leita etter Bue si gullkiste. Det var derfor naturleg for han å male den spennande historia om slaget ved Hjørungavåg.

Dei 34 bilda vil bli vist fram i kommunestyresalen på rådhuset. Ordføraren held tale, det vil vere «ekte» vikingar frå Hjørungavågspelet tilstades, og det vert musikkinnslag ved Ole Martin Øyehol. Born er særskilt inviterte, og vi trur dette kan vere ei spennande utstilling også for dei minste.

Utstillinga er eit samarbeid mellom Hareid kommune og Hareid kunstlag. Du finn ho i kommunestyresalen på rådhuset frå klokka 11 laurdag 12. august. Gratis inngang.