Kva krins hadde best valdeltaking?

Den samla valdeltakinga i kommunevalet var ørlite over valdeltakinga i 2019.

Fire røystebåsar med gardina trekt for. I tre av dei ser vi beina til dei som røyster, - Klikk for stort bilete Erlend Friestad
Denne artikkelen er over eitt år gamal og kan innehalde utdatert informasjon.
  • I kommunevalet i 2023 røysta 2491 personar. Det svarer til 63,6 prosent
  • I kommunevalet i 2019 røysta 2495. Det svarer til 63,4 prosent.

Du finn detaljerte tal på valgresultat.no.

Krinsforskjellar

Dette er det det samla talet for heile kommunen. Bryt vi dei ned på krinsnivå, er det store forskjellar:

Best ut kjem Brandal krins, her røysta heile 75,7 prosent av dei røysteføre.

Så kjem Hjørungavåg med 65,9 prosent og Bigset med 64,6 prosent. Til sist har vi Hareid krins, her var valdeltakinga 61,5.

Valdeltakinga for heile landet var 62,4 prosent. Hareid kommune gjer det derfor betre enn snittet.

LES OGSÅ: Her er det nye kommunestyret

Førehandsrøyster

Det var også store forskjellar mellom krinsane kven som røysta på førehand og ikkje. Her var det Hareid krins som utmerka seg med størst del med førehandsrøystarar. Meir enn halvparten av dei som røysta frå Hareid krins, 54 prosent, røysta før valdagen.

Så var det om lag dødt løp mellom Bigset (34,6 prosent) og Brandal (34,7 prosent). Sist kom Hjørungavåg, her røysta berre 31,3 før valdagen.

 

Fylkestingsvalet

Det var mange veljarar som berre røysta i kommunevalet og ikkje i fylkestingsvalet. Det gjer at den samla valdeltakinga for fylkesvalet i Hareid kommune berre er på 56,3 prosent. I 2029 var valdeltakinga i fylkesvalet 56,6 prosent.

Landssnittet for fylkestingsvalet i 2023 var 57,1 prosent.