Pexels.com
Møtet er ope for publikum og blir sendt direkte her på nettsida eller Facebook-sida til kommunen.
Flaggreglementet til kommunen er frå då den gamle flagglova gjaldt. No er det kome ny flagglov som opnar for at kommunen kan flagge med andre enn det norske flagget frå sine offentlege flaggstenger, til dømes regnbogeflagget. Eit krav er at det er flagg som blir nytta i samband med arrangement, markering eller merkedagar av allmenn interesse.
Kommunen har allereie fått søknad om å flagge med regnbogeflagget under Bygdepride i mai.
Kommunedirektøren ønsker å halde på praksisen ved at det berre er det norske statsflagget og sameflagget som kan nyttast på flaggstengene ved rådhuset. Einaste unnatak er andre lands nasjonalflagg ved internasjonale, offentlege besøk. Årsaka er at rådhuset er tett knytt opp til myndigheitsutøving og andre flagg kan då oppfattast som aksept eller «reklame» for saka.
For dei andre kommunale flaggstengene er det ikkje tilsvarande avgrensing. Her står flaggstengene utandørs og med fri tilgang. Desse flaggstengene er også frikopla frå rådhuset og “det offentlege myndet”. Det opnar for at vi kan ha ein meir liberal praksis. Reglementet legg derfor opp til at det kan nyttast andre flagg enn statsflagget til arrangement, markering eller merkedag av allmenn interesse.
I tillegg til at flagginga må vere knytt til “arrangement, markering eller merkedag av allmenn interesse”, er det lagt inn to andre føresetnadar:
- Når det gjeld flaggstengene som er knytt til skule/bygg/institusjon er det ein føresetnad at arrangementet, markeringa eller merkedagen som flagget er knytt til blir arrangert/halde/markert på aktuell skule/bygg/institusjon.
- Vi har ein “fri” flaggstong, på tusenårsplassen. Til denne flaggstonga er det eit krav at arrangementet, markeringa eller merkedagen som flagget er knytt til blir arrangert/halde/markert i kommunen.
Her kan du lese heile framlegget til flaggreglement.
Formannskapet innstiller på at kommunestyret vedtek dette forslaget, mot to røyster – Torill Oda Ringstad (Ap) og Ole Frank Bakken (H).
Her kan du sjå sendinga frå formannskapet. Saka om flaggreglement startar om lag 36 minutt ut i sendinga.
Andre saker som skal opp i kommunestyret 20. mars er mellom anna: