Alle sakene i dette møtet i formannskapet skal vidare til endeleg vedtak i kommunestyret 6. februar.
Kven skal bestemme kva?
I utgangspunktet har kommunestyret stor makt og mynde til å treffe avgjersler i ein kommune. Det er likevel ikkje føremålstenleg at kommunestyret fattar vedtak i alle saker.
Det er ikkje alt som kommunestyret kan delegere vidare, men mykje blir «sendt nedover» i systemet. Noko blir delegert til underliggande organ, til dømes Levekårsutvalet, medan anna blir delegert til administrasjonen.
Eit døme er skjenkepolitikken. I dag er det kommunestyret som fattar vedtak om vanlege skjenkeløyve til ute- og serveringsstader, medan myndet til å gi løyve til enkelthendingar (ambulerande skjenkeløyve) er delegert til administrasjonen. Desse enkeltvedtaka kan klagast på, og då vil Levekårutvalet vere fyrste klageinstans.
Dette regelverket for kven/kva utval som bestemmer kva, er samanfatta i eit delegeringsreglement.
Det gjeldande delegeringsreglementet er frå 2012. Mykje har skjedd med lovverk og organisering i kommunen sidan då. Ei elektronisk samling av alt relevant lovverk gir ei god oversikt, så no er også lover som tidlegare ikkje var delegert, delegerte der det er naturleg.
Denne saka gjeld det politiske delegeringsreglementet. Rådmannen har i tillegg eit internt delegeringsreglement som viser fordeling av delegert mynde i kommuneorganisasjonen.
Rådmannen har i gjennomgangen lagt vekt på kvalitet og effektivitet. Mykje er som før, men den største endinga er knytt til meir effektiv sakshandsaming ved å foreslå ein auke i det faglege arbeidsområde til utvalet for næring og miljø (NMU).
Delegeringsreglementet vil etter at det er vedtatt bli lagt elektronisk tilgjengelig på Hareid kommune sine nettsider.
Dei folkevalde har tidlegare blitt orientert om saka. Denne saka skal endeleg vedtakast av kommunestyret 6. februar.
Opplæring av dei folkevalde
Etter valet i fjor har Hareid kommune fått mange nyt folkevalde. Rådmannen vil legge til rette for at politikarane i kommunestyret får kunnskap om ansvarsområdet og rask kjennskap til organisasjonen, for slik å kunne fatte gode og kunnskapsbaserte vedtak. Folkevaltundersøkinga som var gjennomført våren 2019 viste også at kommunestyrepolitikarane har både behov og ynskje om meir opplæring i ein del tema. Med bakgrunn i dette er det derfor laga eit folkevaltprogram som vert gjennomført tematisk i forkant av kommunestyremøta.
Denne saka skal endeleg vedtakast av kommunestyret 6. februar.
Nyval av representantar til eksterne råd og utval
Sidan vi framleis er tidleg i kommunestyreperioden står det to val av representantar til eksterne utval og råd på saklista:
- Representant til interkommunalt arkiv
- Representant til oppnemningsutvalet for Konfliktråd i Møre og Romsdal
Begge desse vala skal endeleg vedtakast av kommunestyret 6. februar
Vedlegg vil bli tilgjengeleg på innsynsportalen om to dagar.