Ledig stilling: medarbeidar i teneste for psykisk helse- og rus
Vi søkjer ein engasjert medarbeidar som vil bidra i miljøterapeutisk arbeid, kartlegging, støttesamtalar og rettleiing. Du blir del av eit tett tverrfagleg samarbeid og får vere med på å utvikle gode lågterskeltilbod for innbyggjarane.
løvetenner som tittar opp frå vårens siste snøfall
Tenesta for psykisk helse og rus er organisert under helse og koordinerande eining i sektor for velferd. Stillinga vi har ledig er eit vikariat i inntil 100 prosent stilling med varigheit på seks månader. Vi ønskjer at du kan starte snarast, og det kan vere mogleg at vikariatet vert forlenga.
Jobben er knytt til samtaleoppfølging, gruppetilbod, kursverksemd og anna relevant arbeid. Vi ønskjer at du kan bidra positivt inn i eininga, og vere med på å oppretthalde kontinuitet og kvalitet i tenestene.
Søknadsfrist 28. oktober.
Les meir og søk her.
Publisert 22.10.2026 10:51
Sist endra 22.10.2026 10:51