Ledig stilling som helsefagarbeidar natt
Ein av våre medarbeidar skal ha permisjon frå nattevaktstillinga i heimetenesta, vi jaktar derfor etter den rette helsefagarbeidaren til natt-teamet vårt.
Erlend Friestad
Vikariatet varer eitt år, men det kan bli moglegheit for forlenging. Nattevaktene har eigen turnus med 3. kvar helg og i turnus har vi fagdag. Dette opplever vi som positivt for fagutvikling og arbeidsmiljøet. På desse dagane legg vi forhandlingsturnus, der du kan påverke eiga arbeidstid og fritid.
Heimetenestene yter tenester til heimebuande og personar som bur i omsorgsbustadar, og tenesta skal utøvast på ein fagleg forsvarleg måte og i tråd med den behovet til den enkelte brukar. Som helsefagarbeidar er du ein viktig del av den faglege standarden og utviklinga i eininga du arbeider på. Natt-teamet i heimetenesta består av to nattevakter. Når det ikkje er oppdrag i bygda, skal begge nattevaktene vere stasjonert på avdelingane.
Les meir og søk her.
Publisert 06.11.2024 09:44
Sist endra 06.11.2024 09:44